Rekneskapsførar – Landbruk

SpareBank 1

Ver: 115

Día de actualización: 07-11-2025

Ubicación: Beauraing Namur

Categoría: Otra

Industria: Banking

Tipo de empleo: Full-time

Loading ...

Contenido de trabajo

Ønsker du å bli bonden sin rekneskapsførar/rådgivar?

Bonden sin kvardag er hardt arbeid. Frå tidleg morgon til seine kveldar. Bonden arbeidar hardt for at me skal ha mat på bordet og det siste dei bør vere bekymra for, er at alt er i orden med økonomien.

Du tek degav rekneskapen til bonden. Så kan bonden vere bonde.

Som rekneskapsførar hos oss, sørger du for at bonden lykkast.

Me er meir enn ein arbeidsplass, hos oss vil du bli ein del av eit engasjerande og positivt arbeidsmiljø. Me er fleksible på kva arbeidstad som passar deg best. Du står derfor fritt til å velge om du vil være lokalisert på kontoret vårt i Skjold eller i Ølen.

Våre tilsette er den viktigaste faktoren for at me og kundane våre skal lykkast. Derfor tek me ekstra godt vare på folka våre. Hos oss blir du ein del av eit solid kompetansemiljø innan landbruk. Me er opptatt av og oppmuntrar til fagleg og personleg utvikling.

Som ein del av Sparebank 1 SR-Bank konsernet vil du som tilsett hos oss få gode vilkår, som også inkluderar avtalar på både lån og forsikring.

Meir enn ein rekneskapsførar, hos oss får du tillit og styre din eigen arbeidsdag.

Dine arbeidsoppgåver vil vere rekneskapsføring, økonomisk rådgivning, rapportering og kundeoppfølging. Du vil veilede og formidle gode løysingar til landbrukskundane våre. Det er derfor viktig at du har ei ekte interesse for landbruk, landbruksøkonomi og ser muligheter i nye digitale IT-system.

Så, kven ser me etter? Og kan me samman skape eit næringsliv der bonden lykkast?

Me ser etter deg som er rekneskapsførar og har god forståelse og interesse for landbruk. Det er ikkje avgjerande for oss at du er autorisert, har erfaring med regnskap eller landbruksøkonomi, men det er ein fordel om du har utdanning innen økonomi eller landbruk.

Er du bonden sin rekneskapsførar? Då vil me gjerne høyre frå deg!

Me behandlar søknadar fortløpande, så kvifor vente med å søke? Send oss ein søknad i dag!

Spørsmål rundt stillinga kan rettast til:

Paul Rune Velde

Leiar Skjold landbruk

paul.velde@sr-bank-fp.no

909 99 489
Loading ...
Loading ...

Plazo: 22-12-2025

Haga clic para postularse como candidato gratuito

Aplicar

Loading ...

TRABAJOS SIMILARES

Loading ...